Sosiale medium

Bø i Telemark
33
-11°C
 

Dato

Måndag 21. januar 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Toppidrettsstipend til bøjente

Mariann Roe var ein av fem unge idrettsutøvarar frå Telemark som fekk stipend frå Telemark fylkeskommune i dag. Foto: Øystein Akselberg

Løparen og bøjenta Mariann Roe (21), som representerer Skarphedin IL, blei i kveld tildelt Telemark fylkeskommune sitt toppidrettsstipend. Det skjedde under Teleidrettens festaftan i Ibsenhuset i Skien.

Telemark fylkeskommune delar kvart år ut stipend til unge lovande idrettsutøvarar i alderen 18-23 år frå Telemark. Stipendet blei oppretta i 2011 med formål å støtte opp om utøvarens vidare satsing på idretten.

I år er det fem idrettsutøvarar som får stipendet på 40 000 kroner til kvar. I tillegg til Mariann Roe fekk følgjande stipend: Merethe Tveiten bordtennis Notodden), Kristian Lauvik Gjelstad (telemarkkøyring, Morgedal), Silje Bjørneboe (fotball, Stabæk/ Porsgrunn) og Kamilla Mathea Mogstad (bryting, Urædd).

Mariann Roe (21) er friidrettsutøvar med langdistanseløp som grein. Ho er teken ut på Team Telemark i regi av friidrettskretsen og har sidan 2017 vore på rekrutteringslandslaget til forbundet på mellom- og langdistanse. Ho har vunne fleire medaljar i nasjonale juniormeisterskap og hevda seg internasjonalt både på terrengløp, motbakkeløp og på bane. Mariann sitt store mål er å få ut sitt maksimale potensiale på 10 000 meter, og representere Noreg i OL 2024.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje