180802 Una Aurora S. Venås portrett

Pris til songtalentet Una

Songar og låtskrivar Una Aurora S. Venås frå Gvarv vann kåringa Unge Talent. Foto: Gro B. Røiland

Ei jublande glad Una Aurora S. Venås (19) hausta flest stemmer i Unge Talent. Med talentprisen på 15.000 kroner kan Una få songane sine ut i verda.

I denne runden av Unge Talent, ein talentkonkurranse som er eit samarbeid mellom Sparebank 1 i Telemark og Bø blad, fekk Una 113 stemmer, noko som var 15 stemmer meir enn neste nominerte talent.

– Nå blei eg veldig glad, seier Una som veit kva ho skal bruke pengane til.

– Det blir musikk. Eg vil bruke prisen til å spele inn låtane mine. Det er så kult at eg nå får mulegheit til det, seier talentprisvinnaren.

Til hausten byrjar ho på jazzlina på Sund folkehøgskole i Trøndelag.

– Eg har ein draum om å kunne leve av musikken min, det er det eg vil. Men også kombinere musikk med visuell kunst, scenografi og kostyme for å forsterke konsertane, seier Una.

Les meir om talentprisvinnaren Una i papiravisa eller i e-avisa på www.boblad.no.