skrede-web

Pussar opp gata

skrede-web

Pussar opp. Både Skredebygget (t.v.) og Vertshuset i Bø sentrum skal pussast opp med nye fasadar og nye terrassar på begge sider av bygga. Her er bygningane sett frå baksida. Illustrasjon: 3D Arkitekter AS ved Snorre Aasen

Det store byggjeprosjektet i Skogenkvartalet i Bø sentrum får positive ringverknader for bygga i nabolaget. Frå før er det klart at Vertshuset får nye leigetakarar, påbygg med nye leilegheiter og ei oppgradering med nye fasadar på heile bygget. Nå er det planane for nabogården, Skredebygget, som står for tur. Noko av bakgrunnen for den store iveren med oppussing er signalbygget Skogenkvartalet.

I samband med at SpareBank 1 flyttar inn i Skredebygget haust blir det gjort ei større oppgradering av fasadane på bygget. – Bygget får ny trekledning og murveggar blir kledd inn, seier Gustav Skrede, og legg til at dei også søkjer om omregulering av andreetasjen frå kontor til leilegheiter. Planen er å byggje fire nye leilegheiter i tillegg til dei to som er der i dag. Fem nye terrassar er tenkt bygd, både mot Bøgata og gårdsplassen som vender mot det nye Skogenkvartalet.