Bilde1

Råtassar klare for våren

KLARE FOR NY SESONG: Sondre Harstad Rinde (f.v.), Vegard Bratland Solberg, Henrik Romnes og Tobias Harstad Rinde starta med rekruttløp for nokre år sidan. No klarar dei mykje vanskelegare løyper. Foto: Bø O-lag

Rett før påske starta Bø orienteringslag sesongen med rekruttarrangementet Råtassen ved Bø skule. Dette er ei fin innføring i orientering for nye deltakarar. Om lag 20 personar deltok i det kalde vårveret: Elita Tvinde, Live Kaasa, Kristine Brekke Soterud, Endre Tvinde, Syver Olsen Djuvik, Amund Olsen Djuvik, Carl Wilhelm Støren, Victoria Støren, Vetle Porsholt Jensen, Hanne Porsholt Jensen, Konrad Røine Winkelmann, Annette Winkelmann, Tobias Harstad Rinde, Sondre Harstad Rinde, Emil Rønning Iversen, Josefine Istad, Oliver Halvorsen, Vegard Bratland Solberg og Elisabeth Bratland Solberg. Marijanne Holtan og Grethe Romnes var ansvarlege for arrangementet.