LØNNSSTØTTE: Nå kan arbeidsgjevarar søkje om lønnsstøtte for januar og februar 2022.
PENGAR INN OG PENGAR UT: No er skattemeldinga for 2022 klar. Det er fleire som får pengar igjen, enn det er personar som får skattesmell. FOTO: Arkivfoto

Regjeringa vil samle skattekontor i Bø

Skatteetaten i Bø kan bli større.

Regjeringa ønskjer å samle skattekontora i Telemark på to plassar, i Bø og Skien. Det går fram av forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram måndag.

Ansvaret for skatteoppkreving er i dag delt mellom staten og kommunane. Kommunane utfører oppgåver på vegner av staten, fylkeskommunane og seg sjølv.

Finansdepartementet meiner dagens organisering er lite tenleg og vil flytte skappteoppkrevinga til Skatteetaten. 

Forslaget er å legge den kommunale delen av skatteinnkrevjinga, skatteoppkrevjaren eller kemneren, inn under den statlege Skatteetaten frå 1. juni 2020. Finansdepartementet vil ta over dei kommunale kontora.

Det er venta at dette skal føre til at ein sparar 370 millionar kroner. Det skal blant anna vere mogleg å føre skatterekneskapen med 45 årsverk med ny organisering, ifølge statsbudsjettet. I dag blir et brukt 185 årsverk. Det er ein reduksjon på 76 prosent.

I dag er det 14 kommunale skattekontor i Telemark. Bø, Sauherad og Nome har blitt einige om slå saman dei kommunale skatteoppkrevjarkontora.  

I statsbudsjettet står det at formålet med flyttinga er å styrkje kampen mot arbeidslivskriminalitet.