Sosiale medium

Bø i Telemark
34
-10°C
 

Dato

Fredag 14. desember 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Rekordkontrakt for Telemark Byggentreprenør

Stor kontrakt. Nye Hjartdal omssorgssenter slik planteikningen viser. Illustrasjon: 3D-arkitekter.

Telemark Byggentreprenør (TBE) har hala i land ein storkontrakt til verdi av 73 millionar kroner. Det handlar om bygging av nytt omsorgssenter i Sauland for Hjartdal kommune. Som del av kontrakten skal dei også rive det eksisterande omsorgssenteret.

Omsorgssenteret er på 2.900 kvadratmeter og skal telje 19 instituasjonsplassar og tolv omsorgsbustadar inkludert fire eksisterande bustader som skal knyttast til det nye senteret. Oppstart av rivearbeid skal skje i midten av november og bygget skal stå ferdig i august 2020.

– TBE er svært tilfreds med å få ein ny storkontrakt for Hjartdal kommune. Me er glad for tilliten og at me inngår vår største kontrakt sidan me starta opp som entreprenør i 2016, seier dagleg leiar Tor Magne Nevestveit til Bø blad.

TBE er nå inne i sluttfasen i eit anna prosjekt for Hjartdal kommune: bygging av ny barneskule i Sauland. Ein 2.300 kvadratmeter stor skule i massivtre.

Nevestveit seier dei har behov for fleire dyktige handverkarar med denne kontrakten i hamn.
– Me har også ein stadig aukande etterspørsel etter nye einebustader, så dersom me finn nokon med dei rette kvalifikasjonane kjem me til å tilsetje nokon fleire, seier han.

 

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje