DIREKTE STØTTE:  Rektor Petter Aasen håpar pengar som i dag går via Direktoratet skal bli fordelt direkte.
DIREKTE STØTTE: Rektor Petter Aasen håpar pengar som i dag går via Direktoratet skal bli fordelt direkte. FOTO: Bø blad, arkiv

Rektor ved USN skuffa

Rektor ved USN, Petter Aasen

– Legg opp til låg vekst

I forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram måndag får Universitetet i Søraust-Noreg (USN) 1,85 milliardar kroner i 2019, det er ei auke på ein prosent frå 2018.

– Når regjeringa i mange samanhengar understrekar at den skal satse på høgare utdanning og forsking er det skuffande at det tidleg i denne regjeringsperioden blir lagt opp til låg vekst og at det blir teke få initiativ, det seier rektor ved USN, Petter Aasen, ifølgje nettsida til universitetet.