Sosiale medium

Bø i Telemark
33
4°C
 

Dato

Fredag 16. november 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Stenger hengebrua

Alvorlege skadar. Hengebrua i Øvre Bø blir stengd inntil vidare frå komande fredag.

 

Kostar 3,1 millionar å reparere

Frå fredag denne veka blir hengebrua i Øvre Bø stengt. Teknisk etat i Bø kommune har fått laga ein inspeksjonsrapport på tilstanden til brua, og uttalar at den er langt meir alvorleg enn ein tidlegare har trudd. Einingsleiar Vidar Lofthus melder i dag at brua frå komande fredag blir stengt inntil vidare.

– Eg ser for meg tre alternativ for framtida når det gjeld brua: Full rehabilitering som kostar 3,1 millionar kroner, nedklassifisering til gangbru eller at ein stenger brua for all bruk, seier han.

Rapporten seier at kablar, kabelfester, tårn og landkar kan rehabiliterast. Øvrige deler må erstattast. Om ein må erstatte kabel også kjem det eit påslag på nær 750.000 kroner pluss moms.

Saka blir teke opp i kommunen og kjem til teknisk utval, formannskap og kommunestyre før jul.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje