nett RV 36 Stengt på grunn av oppgradering

Riksveg 36 mellom Bø og Seljord stengt

Oppgraderer RV 36. Vegen mellom Bø og Seljord skal oppgraderast fram til sommaren 2021. No er arbeida i gang i Sjøormtunnelen. Foto: Tor Arvid A. Gundersen

Riksveg 36 mellom Bø og Seljord blei frå i dag stengt langs Seljordsvatnet. Omkøyring for tunge kjøretøy er E 134 om Notodden, medan personbilar kan køyre fylkesveg 156 om Garvikstrondi.

Fylkesveg 156 er oppgradert for meir enn 12 millionar kroner for betre å ta imot auka trafikk, men Statens vegvesen anbefalar alle som kan om å bruke andre veger for å unngå overbelastning på fylkesvegen. Spesielt i samband med helgar er det venta auka trafikk på omkøyringsvegen langs Seljordsvatnet. Det er sett opp lysregulering på ein 650 meter lang strekning på det smalaste partiet.

Tidsplan RV 36 langs Seljordsvatnet:

Stenginga av RV 36 vil i denne omgang vare fram til 1. desember. Vegen vil så vere open fram til 6. januar 2020. Frå 6. januar blir det ny stenging fram til 1. mai 2020. Da er vegen open fram til 1. oktober. Den siste stenginga vil vare frå 1. oktober 2020 til 1. mai 2021. Innan sommaren 2021 skal prosjektet vere ferdig.