Sosiale medium

Bø i Telemark
03
23°C
 

Dato

Fredag 23. august 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Rydd søppel og vinn premie

Dugnad mot forsøpling. Her står f.v. prosjektleiar Malén Kårstad, dagleg leiar i Telemarkskanalen Regionalpark Pål Kleffelgård, og koordinator i Midtre Telemark Vannområde, Anita C. Kirkevold, på prosjektets stasjon i Gvarv båthamn.

Telemarkskanalen Regionalpark har sett i gang ein stor dugnad for å rydde søppel og plast langs vassdraga våre i Midt-Telemark og heile Telemarksvassdraget. Prosjektet har fått namnet Kanallotteriet. Alle som ryddar og leverer søppel til ein av dei ti stasjonane i prosjektet blir med i trekningar på 2.000 kroner i premie. Det blir trekningar kvar 14. dag.

– Me oppfordrar alle til å vere med på ryddedugnaden, seier dagleg leiar i Telemarkskanalen Regionalpark, Pål Kleffelgård, og kan lokke med godt samvit pluss sjanse til å vinne fine pengepremiar for alle som deltek.

Ryddeaksjonen omfattar sju kommunar langs Telemarkskanalen. I regionen er det plassert ut totalt ti stasjonar der folk kan hente ut søppelsekkar til å plukke i. Det er også faste stader der folk kan levere søppelsekkane. Det er sett ut avfallscontainarar på stasjonane, som er merka «Kanallotteriet». I Bø er det ein stasjon for både henting og levering av sekk; ved teknisk etat på Bekkevoll i Gullbringvegen. I Sauherad kan ein hente sekkar i Gvarv båthamn og Akkerhaugen båthamn. Levering kan skje same to stader pluss ved Sunde renovasjon og gjenvinning sitt anlegg på Akkerhaugen.

Les meir om saka i dagens avis.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje