Nyttig klasserom. Student Thor Henning Brandsøy er glad for at det er ein aktiv fotballklubb i bygda, der han kan teste teoriar og lære. Dagleg leiar i Skarphedin Fotball, Magne Sanden t.h.
Nyttig klasserom. Student Thor Henning Brandsøy er glad for at det er ein aktiv fotballklubb i bygda, der han kan teste teoriar og lære. Dagleg leiar i Skarphedin Fotball, Magne Sanden t.h.

Sanden årets fotballnavn

Skarphedins Magne Sanden er heidra for mange års innsats for fotballen. Arkivfoto: Marta Kjøllesdal

Telemark fotballkrets har kåra skarphedinmannen Magne Sanden (59) til årets fotballnamn i Telemark.

Sanden har gjennom 40 år vore både spelar, trenar, leiar og administrator og hatt ein finger med i spelet i det meste som har skjedd i Skarphedin fotball. I dag er han dagleg leiar og har også oppgåver i trening av fleire av klubbens lag.

Han blir heidra for sitt store engasjement for fotballen og for det store arbeidet han legg ned. Klubben har i dag nær 600 spelarar, 44 lag og ei omsetning på rundt sju millionar kroner.