190531 Tore Valen og Said Abuzamel 2

Satsar på bier og honning

Tore Valen (t.v.) og Said Abuzamel er begge erfarne birøktarar frå høvesvis Svenseid og Syria. Foto: Gro B. Røiland.

Syriske Said Abuzamel vil gjera bier og honningproduksjon til levebrød i sitt nye heimland. Til å hjelpe seg i gang har han birøktar Tore Valen.

I 2013 kom Said som flyktning til Noreg frå eit krigsherja Syria. Fyrst til mottak i Oslo og Lyngdal, før familien blei busett i Sauherad kommune.

Said fortel at han har drive med bier og honningproduksjon i 15 år i Syria og Libya. I 2015 kom han og familien til fruktbygda Gvarv. Da han  blei spurt om kva han kunne tenke seg å drive med, var svaret bier. Telemark landbrukskontor blei kontakta, og dei tok igjen kontakt med Midt-Telemark birøktarlag.

Den som melde seg til å ta imot Said på praksisplass for språkopplæring, var birøktar Tore Valen frå Svenseid.

– Eg såg med ein gong at han kunne bier, seier Tore.

Sjølv har han drive med bier i 40 av sine 55 år. Mens andre kjøpte stereoanlegg for konfirmasjonspengane, investerte 15 år gamle Tore i bigard.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på nett.