Sosiale medium

Bø i Telemark
12
8°C
 

Dato

Fredag 21. september 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Sauherad-elevar gjekk til topps

 

Eirik Gunnestad Hekkli, Kristoffer Moen og Anne Tørnes frå Sauherad barne- og ungdomsskole skal konkurrere i landsfinalen i Klassequizen. Foto: Stian Smeplass

 

Sauherad barne- og ungdomsskole vann fylkesfinalen i Klassequizen onsdag, saman med Herre skole. Fem finalistar, skular frå Sauherad, Rjukan, Åmot, Drangedal og Herre, deltok i fylkesfinalen som blei sendt direkte i Telemarksendinga.

Da siste spørsmål var besvart, var Herre skole på topp med 13 poeng. Elevane frå Sauherad og Drangedal hadde begge elleve poeng, og dermed blei det tre ekstraspørsmål. Her tok Sauherad full pott, mens Drangedal bomma på det eine spørsmålet.

Kontaktlærer Stian Smeplass fylgde quizen frå bakrommet. Det var spennande nok, fortel læraren.

– Eg trur det var verre for meg enn for dei. Det var utruleg spennande da det blei ekstraomgang. Eg var i utgangspunktet superstolt over at dei kvalifiserte seg til finalen. Sauherad barne- og ungdomsskole var saman med Herre den skulen med flest poeng i innleiande runde, seier Smeplass.

Elevane frå Sauherad og Herre skal vidare til semifinale i Oslo i veke 15. Semifinalane og superfinalen blir vist på NRK1 i vår med Selda Ekiz som programleiar.

 

 

 

 

 

 

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje