190212 klassequizen

Sauherad i Klassequizen

Sauherad-elevane Eivind Lie, Johanne Tufte Berge og Per Norendal i NRK-Studio. Foto: Ken Willy Wilhelmsen/NRK

Tiandeklassingane Eivind Lie, Johanne Tufte Berge og Per Norendal representerte Sauherad barne- og ungdomsskole i Klassequizen på Telemarksendinga i dag tysdag.

Elevane tok 8 av 12 oppnåelege poeng. Det er to poeng meir enn elevane frå Bø tok da dei var med i Klassequizen 5. februar.

Sauherad barne- og ungdomsskole går ikkje vidare til fylkesfinalen, men dei tre deltakarane sa seg fornøgde med å ha slått laget frå Bø ungdomsskole.

I år deltar 34 lag frå Telemark i innleiande rundar, noko som er ny rekord, melder NRK Telemark.