STRENGE SMITTEVERNREGLAR FOR PÅSKA. Regjeringa har laga ei oversikt over korleis den enkelte best kan oppretthalde smittevernet i påska.
STRENGE SMITTEVERNREGLAR FOR PÅSKA. Regjeringa har laga ei oversikt over korleis den enkelte best kan oppretthalde smittevernet i påska.

Scooterjakt på Lifjell

Stor skredfare. Det er stor skredfare i påskefjellet. Både skigåarar og folk som køyrer scooter må vere påpasselege. Foto: Hilde Eika Nesje

Scooterkøyrarar fekk beslaglagt førarkort på Lifjell

Laurdag fekk to unge scooterførarar beslagt førarkorta sine etter at dei stakk av frå ein politikontroll på Lifjell.

Lensmann i Bø og Sauherad, Sigrid Dahl, fortel at politiet ønskjer å vere synlege på påskefjellet. Det gjeld både i forhold til den store snøskredfaren, samt ulovleg scooterkøyring i fjellheimen. Politiet har også eit helikopter som skal vere ein ressurs for politiet i heile Noreg, og som ønskjer seg trening i samarbeid med bakkemannskap. Det fekk dei mellom anna på Lifjell i helga.

– Lifjell er eit område med mykje folk, og det skjer mykje der. Blant anna var det ein stor skifestival på Hollane i helga. Me får ein del klager på uloveleg scooterkøyring i området, derfor tenkte me at det kunne passe å gjere oss synlege for folk ved inngangen til påskeferien. Me kunne snakke med folk og helikopteret kunne få trening, seier Dahl.

Stakk av på scooter

Det skulle vise seg at det skulle bli meir enn trening for både helikopteret og politifolka som hadde tilgang til to snøscooterar på bakken.

– Helikopteret har god oversikt og oppdaga etter kvart tre scooterar som heilt tydeleg dreiv med leikekøyring i fjellet, noko som er strengt forbudt. Da me fekk melding om dei tre køyrte me derfor etter dei for å ta ein prat. Me fekk raskt kontroll over den eine føraren, medan dei to andre stakk av, seier Dahl, og understrekar at vegtrafikklova gjeld over alt og det å stikke av frå politet er alvorleg.

– Me køyrte etter dei, og med hjelp frå helikopteret fekk me tak i dei. Det blei god trening, men me skulle helst ha sluppe politijakt på fjellet. Det er heilt unødvendig å utsetje seg sjølv og andre for fare, og det heile medførte førarkortbeslag for dei to unge mennene frå Midt-Telemark. Dei kan nå verken køyre bil eller scooter på ei stund, seier lensmannen.

Promillekøyring problem

Ifølgje politiet har det dei siste åra blitt ein risko for unge å køyre scooter, særleg når dei gjer det i kombinasjon med alkohol. Det er mange skader etter scooterulykker.

– Det har dessverre blitt ein dårleg kultur for dette. Unge reiser til fjells der mange drikker og kjører scooter mellom hyttene. Ein ting er at det er ulovleg å køyre i utmark og med promille, men at dei stikk av frå kontroll er også ille. Lifjell er eit lite område og ein høyrer godt når scooterane er ute. Me får stadig melding frå grunneigarar om ulovleg køyring på fjellet, seier Dahl.

Stor rasfare på Lifjell

Lensmannen understrekar at nå er det ekstra viktig å vere påpasseleg med kor ein køyrer scooter og går på ski. Det er svært stor skredfare på Lifjell og alle må vere varsame når dei ferdast på fjellet.

– Ein må vere bevisst og bruke hovudet. Det er ikkje sikkert det er trygt å gå ein plass bare fordi det er løyper der. Under snøsmeltinga heng store snøskavlar igjen og skaper rasfare. Folk må tenkje på faren for ras og halde seg unna hellingar som er brattare enn 30 grader, seier Dahl og ber folk generelt vere forsiktige i forhold til å utløyse ras.

– Om dei gjer det bør politiet få beskjed slik at me veit om det kan ha gått med folk eller ikkje, seier ho.

– Lifjell er høgfjell

– Me må også minne folk på at sjølv om Lifjell er lett tilgjengeleg og nær låglandet, må ein hugse at det er eit høgfjell der ver og vind fort kan skifte. Folk må ha utstyret i orden og nok klede når dei er på tur, avsluttar Dahl.