Telemarkshallen
Telemarkshallen

Seks søknader om spelemidlar

Søkjer om midlar. Telemarkshallen er ein av søkjarane til potten for spelemidlar.

Telemark fylkeskommune har motteke seks søknader om spelemidlar for 2018 frå Bø kommune.

Der er tre søknader om ordinære anlegg og tre søknader om nærmiljøanlegg. Bø vidaregåande skule sin søknad har tittel fleirbrukshall. Der er også ein søknad om niarbane med kunstgras på Sandvoll og ein søknad frå Telemarkshallen som gjeld fotball. Søknaden om kunstgrasbane på Sandvoll er nedjustert til 1.208.000 kroner. Nærmiljøanlegga omfattar Breisås Sør nærmiljøkart, Breisås Sør kvartalsleikeplass og Breisås nærmiljøklart. Endeleg fordeling av spelemidlar skjer i hovudutval for kultur, idrett og folkehelse i Telemark fylkeskommune i juni 2018.