180821 Lerkekåsa

Sel Lerkekåsa Vingård

Overnatting i tønner. På Lerkekåsa har dei eigenprodusert vin og overnatting i tønner. No vil Wenche Hvattum og Joar Sættem overlate drifta til andre. Foto: Lerkekåsa Vingård

Vil sleppe til nye krefter

Wenche Hvattum og Joar Sættem sel Lerkekåsa Vingård og Galleri. Dei to kjenner at etter ti år er tida inne for å overlate garden til friske krefter.

Det går det fram av ei pressemelding som Wenche Hvattum og Joar Sættem har sendt ut.

Hvattum og Sættem fortel at dei har bruk ti år på å skape den særeigne staden.

– Garden produserer ulike drue-, frukt- og bærvinar og tilbyr i tillegg vinsmaking, trivelege festlokale og overnatting i unike omgjevnader, står det i pressemeldinga.

Dei har gjort eigedommen til ein kjend reiselivsattraksjon med god omtale på ulike reiselivssider på nett. Hvattum og Sættem fortel at dei også har blitt kontakta av leiande restaurantar, internasjonale vinmagasin og vingardseigarar frå Sør-Europa. Tilbakemeldingane dei får er gode.

– Den som drøymer om ein eigen vingard, eit romantisk småbruk eller eit nytt liv på landet har sjansen no. Ein kan for første gang hauste eigne druer og kanskje setje eigen vin i haust, fortel Hvattum og Sættem.

Dei vil gjerne hjelpe nye eigarar i gang og dele av kunnskap og erfaring.