Valvake Sp 0068 Siri smil nytt

Senterpartiet er vinnaren

Sp-Siri-smil: Det var breie smil å sjå i Senterpartileiren då dei første prognosane tikka inn på valvaka i Idunshall på Akkerhaugen. Her sit Senterpartiets ordførarkandidat Siri Blichfeldt Dyrland (nummer to frå høgre). Foto: Marta Kjøllesdal

Kommunestyreval Midt-Telemark kommune 2019:
Senterpartiet er den store vinnaren med ei oppslutning på 31,1 prosent. Det er ein auke på heile 16,5 prosentpoeng sidan sist kommunestyreval. Den store taparen er Venstre som endar opp med 5,7 prosent av stemmene, noko som er ein tilbakegang på heile 13,8 prosentpoeng. Ap går tilbake 5,4 prosentpoeng til 21,4 prosent, medan KrF også gjer eit dårleg val, med ein tilbakegang på 3,9 prosentpoeng. Rødt, som er ny i valet, kjem inn med 4,3 prosent.

Resultat ved opptelling i kveld:
Senterpartiet 31,1 % (+ 16,5 prosentpoeng)
Arbeiderpartiet 21,4 % (- 5,4 prosentpoeng)
Høgre 10,3 % (+ 0,3 prosentpoeng)
MDG 9,1 % (+ 0,7 prosentpoeng)
FrP 9,0 % (+ 0,9 prosentpoeng)
Venstre 5,7 % (- 13,8 prosentpoeng)
KrF 4,9 % (- 3,9 prosentpoeng)
Rødt 4,3 % (+ 4,3 prosentpoeng)
SV 4,2 (+ 0,3 prosentpoeng)

Frammøteprosenten er 58 %.

Mandatfordeling:
Slik blir det nye kommunestyret i Midt-Telemark kommune, talet på mandat (av 29 plassar):
Senterpartiet: 9
Arbeiderpartiet: 6
FrP: 3
Høgre: 3
MDG: 3
Venstre: 2
KrF: 1
SV: 1
Rødt: 1

Mandatfordelinga viser at den nye kommunen får eit sterkt Senterparti med ni plassar i kommunestyret. Samtidig får både Venstre og Arbeiderpartiet færre mandat, medan ein også kan slå fast at nykommaren, partiet Rødt, er inne med eitt mandat.