Sosiale medium

Bø i Telemark
01
-6°C
 

Dato

Tysdag 11. desember 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Ny ekstern gransking av IRMAT AS

Skal setje lys på IRMAT. Bø og Sauherad kommunar har i dag sendt ut pressemelding om at dei skal granske renovasjonsselskapet IRMAT AS. Arkivfoto: Øystein Akselberg

EKSTERN GRANSKING AV IRMAT I REGI AV TINGRETTEN

Bø og Sauherad kommunar seier i ei pressemelding i dag at kommunestyra i begge kommunane har vedteke ekstern, uavhengig granskning av det interkommunale renovasjonsselskapet IRMAT AS.

Det blir sagt at rådmannen arbeider nå aktivt med gjennomføring av desse vedtaka. I formannskapsmøter i begge kommunene sist veke redgjorde rådmannen for å bruke aksjelovas reglar om gransking, noko som blei vedteke i begge formannskapa med tilslutning til at rådmannen fortset arbeidet med å vurdere denne framgangsmåten. Bruk av aksjelovens reglar om gransking betyr at dersom Tingretten finn sakleg grunn til granskning er det Tingretten som oppnemner ein eller fleire granskarar. I pressemeldinga heiter det vidare at etter formannskapa i Bø og Sauherad sin oppfatning, sikrar dette kommunestyrevedtaka sine krav om uavhengigheit og profesjonalitet ved at det nå blir rettsvesenet som tek hand om den vidare prosessen knytta til granskninga.

Pressemeldinga er datert 4. desember 2018 og underteikna av ordførarane Borgar Kaasa i Bø og Mette Haugholt i Sauherad.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje