lundebane

Skarphedin best i Midt-Telemark

Lokaloppgjer. Slaget om Midt-Telemark blei ikkje eit fyrverkeri av ein fotballkamp som mange hadde håpa.

4. divisjon Kretsligaen; Lunde: Ulefoss/ Skade – Skarphedin 1-4 (1-2)

Lokaloppgjeret i Lunde i kveld mellom Ulefoss/ Skade og Skarphedin enda 1-4 etter 1-2 ved pause. Det annonserte tronskiftet i Midt-Telemark som Nome fotball hadde bebuda let vente på seg. Alt låg til rette for ein festkveld i Lunde med mykje folk, god stemning og godt fotballvêr. Spelet på bana blei likevel ingen fest. Der gjekk det heller roleg for seg. Siger til dei blå frå Bø var fortent, men likevel i overkant etter spelet å døme. Russen frå Bø var nok gjengen som stakk av med pokalen. Dei laga litt liv og røre.