PLANLEGG: Sommarland-direktør Rene Langeveld Sas legg planar for opning, mens han ventar på avklaring om og eventuelt når parken kan opne Arkivfoto: Gro B. Røiland
SOMMARLANDOPNING: Sommarland-direktør Rene Langeveld Sas er klar for opning på laurdag.

Skeptisk til Hent meg-bussen

Sommarlanddirektør Rene Langeveld Sas er bekymra for at parkens tilsette skal få eit dårlegare busstilbod med Hent meg-bussen. Foto: Gro B. Røiland 

Rene Langeveld Sas, direktør for Sommarland i Bø, er skeptisk til Hent meg-bussen som i juli overtar for rutebussen Bøbussen. Han fryktar det vil skape problem for ungdom som har sommarjobb i parken.

Hent meg-bussen er basert på at folk bestillar buss på App og nett, eller på telefon i kommunens opningstid. Bussen plukkar passasjerane opp heime og køyrer dit dei skal. Jo tidlegare ein bestillar buss, dess større er sjansen for å bli henta på det tidspunktet ein ønskjer, står det på nettsida farte.no. Vidare kan ein lesa at ved ledig kapasitet vil bussen hente deg til avtalt tid med eit slingringsmonn på 15 minutt pluss/minus.

Sommarland har i sesongen nærmare 300 tilsette, og dei fleste er under 18 år. Mange kombinerer buss og tog frå Lunde, Notodden eller Skien med Bøbussen opp til Sommarland. Sas er skeptisk til korleis dette vil fungere når lokalbussen ikkje lenger har faste rutetider, men kjem til den som bestiller fyrst.

At endringa kjem 1. juli, midt i sesongen, gjer han ikkje mindre bekymra.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på nett.