180118-Gullbring-Katharina-Berg-Skomedal-1

Skomedal tilsett som dagleg leiar av Gullbring

Katharina B. Skomedal tok over etter Espen Raaastad i august i fjor.


Katharina B. Skomedal er tilsett som fast dagleg leiar av Gullbring. Ho har vore konstituert i stillinga etter Espen Raastad sidan 1. august i fjor. Ho vart tilsett i Gullbring som marknads- og arrangementsansvarleg 1. januar i fjor.

Stillinga som dagleg leiar vart lyst ut då Raastad slutta. Styreleiar i Gullbring, Terje Wold, har opplyst til Bø blad sist haust at vedkomande som fekk stillinga ville vente med å seie ja til det vart avklart kva for eigarmodell kommunen vel for kulturanlegget. Wold ønskte ikkje å seie kven det var som hadde fått stillinga.

Ifølgje referatet frå styremøtet 6. mai er Skomedal tilsett frå 1. mai.