180201-Språkpraksis-11-b

Skryt av praksisvertane

Klaffa. Då Kåre, eigentleg Raad Al Zouabi, fekk språkpraksis hjå Mobile vart det klaff. Dagleg leiar ved Mobile, Kent Inge Dahl (t.v.), Kate Mari Helgetveit og Brede Glenna og er godt fornøgde med resultatet.

 

Treng språktrening

Ved flyktningtenesta i Bø er dei veldig tilfreds med dei bedriftene som stiller opp og tek imot flyktningar som treng språktrening. Så langt har dei 16, men ønskjer seg fleire.

– Me vil gjerne få takke næringslivet for at så mange stiller opp og tek ansvar.

Det seier flyktningkoordinator Kate Mari Helgetveit ved flyktningtenesta, og ho får støtte av avdelingsleiar Brede Glenna.

Ved flyktningtenesta har dei om lag 20 personar som er ute i språkpraksis. Det er ein del av det toårige løpet flyktningar skal igjennom for å lære om norsk. Når dei har språkpraksis har dei to dagar i praksis i næringslivet og tre dagar på skule ved vaksenopplæringa i Lunde. Glenna seier at forsking viser at ei slik veksling er best.

– Me er heilt avhengige av praksisplassar, seier Glenna.

Les meir i papiravisa eller e-avisa. Dei som ikkje abonnerer kan kjøpe avisa digitalt på buyandread.no.