Sosiale medium

Bø i Telemark
02
15°C
 

Dato

Måndag 16. september 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Skulevalet i Bø: Ap klar vinnar

Skuledebatt. Bilete frå valdebatten til Bø vidaregåande skule i Storsalen i Gullbring. Foto: Eline Nesje.

Resultata frå skulevala ved landets vidaregåande skular er publisert. Ved Bø vidaregåande skule er Arbeiderpartiet ein soleklar vinnar med 42,8 %. Høgre er nest størst og med Senterpartiet på tredjeplass. MDG får 6,9 %, som er klart under landssnittet for MDG.

Her er resultata frå Bø vidaregåande skule:

Ap 42,8 % (-7,9)
Høgre 16,8 % (+9,2)
Sp 15,8 % (-3,3)
MDG 6,9 % (+3,4)
SV 5,3 % (+0,3)
Venstre 4,6 % (+3,7)
FrP 3,0 % (-2,3)
Rødt 2,3 % (-2,7)
KrF 1,3 % (-0,8)
Kristne 0,7 % (+ 0,4)
Andre 0,6 %
Endring viser % i forhold til valet i 2017.
Deltakarprosenten var 86,6 %

Ved Bø vidaregåande skule går altså Ap mest tilbake sidan sist måling i 2017, medan Høgre går mest fram. Venstre og MDG går fram, medan Sp og FrP går tilbake.

På fylkesnivå, for Telemark og Vestfold, får Ap 30,3 %, Høgre 15,2 %, MDG 9,9 %, SV 9,4 %, Venstre 8,6 %, FrP 7,6 %, Sp 7,0 %, Rødt 6,2 % og KrF 2,9 %.

På landsnivå går Ap, Høgre og Frp tilbake, medan MDG, Venstre, SV og Senterpartiet går fram.

Resultat på landsnivå: Ap 26,6 % (-5,2), Høgre 12,9 % (-3,5), MDG 10,8 % (+4,0), Venstre 10,2 (+3,7), SV 9,9 % (+2,4), FrP 8,2 (-2,5), Sp 8,0 % (+2,3), Rødt 4,9 (+ 0,2), KrF 2,3 (- 0,9) og Andre 6,2 (+ 1,3).

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje