Kartfestivalen 2011, Gvarv
Kartfestivalen 2011, Gvarv

Slepper plate i dag

På Kartfestivalen 2011 hadde Come Taste The Band med seg Joe Lynn Turner, kjend frå Deep Purple og Rainbow, som vokalist. Det var ei stor hending både for festivalen og gitarist Jo Henning Kåsin (t.h.). Foto: Øystein Akselberg

Rockebandet Come Taste The Band (CTTB), med gvargitaristen Jo Henning Kåsin (48) er i dag klar for verdas rockescene med si nye plate «Reignition».

Plata blir gitt ut i eit 30-tals land verda over og har fått strålande anmeldingar i nokon av dei viktigaste rockamagasina verda rundt. For første gong har CTTB laga nye låtar og det erikkje kven som helst dei har med seg som leiande vokalistar på plata. Tidlegare Rainbow-vokalist Doogie White har vore med og lage sju av låtane, medan tidlegare Deep Purple og Rainbow-vokalist Joe Lynn Turner, er samarbeidspartner på to av låtane. Begge tek seg av vokal-jobben på låtane.

Fredag om ei veke står bandet med Kåsin og vokalist Doogie White i spissen på Rockefeller i Oslo for bandets realsekonsert. – Dette er stort for ein fyr frå Gvarv, seier Kåsin til Bø blad.

tekst.