Ungdata ope møte 22. oktober 2018 3735 ungdomsrådet

«- Snakk med oss!

Gav gode råd. Ungdomsrådrepresentantane Ingvild Rorge (f.v.), Eline Momrak, Såmund Tresland, Sølve Darrud, Ida Øien Dalen og Per Norendal kommenterte den nye ungdomsundersøkinga som er gjort i Bø og Sauherad på eit møte på Frivilligsentralen. Foto: Øystein Akselberg

Ei undersøking i ungdomsmiljøet i Bø og Sauherad (Ungdata 2018) viser at den store hop har det bra og trivast godt, men kjem også tydelege signal om ei gruppe på 15-20 prosent av ungdommar av i dag som slit med ulike plager og dårleg trivsel. Det blei måndag arrangert ope møte med dette som tema og seks ungdomsrådrepresentantar var til stade med sine kommentarar og råd. Gjennomgåande signal frå ungdomen var: – Snakk om det. Snakk med oss!

Ungdommen vil ha meir grensesetting og samtalar med både foreldre og på skulen om viktige tema som angst, depresjonar og anna som ungdom slit med. Signal om at mange unge brukar over seks timar kvar dag på skjerm og at ei stor gruppe 10. klassingar seier dei ikkje veit om foreldra gjev dei lov til å drikke alkohol tyder på at foreldregruppa  må meir på banen i samtale med ungane sine.