Sosiale medium

Bø i Telemark
07
12°C
 

Dato

Måndag 15. oktober 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Snart anleggsstart på Bø stasjon

Midlertidig parkering. Under anleggsperioden på stasjonsområdet blir det parkering på andre sida av jernbanesporet, som betyr at folk må køyre og gå via Borgjabrua. Byggjetida er venta å ta seks til åtte veker. Det blir ikkje høve til å krysse toglinja til fots. Foto: Øystein Akselberg

Den store ombygginga av Bø stasjon nærmar seg med stormskritt. Anleggsstart er planlagt andre veka i oktober og ein må rekne med at jobben tek seks til åtte veker. Arbeidet betyr store endringar på parkerings- og innkøyringsområdet til stasjonen, samt endringar i stasjonsbygningen. Viktigast av alt er at talet på parkeringsplassar blir nær dobbla, til 86 parkeringsplassar. Slik det er i dag er det ofte ikkje ledige plassar å finne. Dette blir dermed ein kjærkomen endring. I byggjeperioden blir dagens parkeringsplass stengt og folk blir henvist til ein midlertidig plass på sørsida (Breisåssida) av jernbanen. Den midlertidige plassen vil ha tilkomst via Borgjabrua.

Ei stor endring blir også at gatekjøkkenet Stasjonsbua skal flyttast inn i stasjonsbygningen der taxiane har tilhald i dag. Taxiane skal flytte inn i stasjonsen på vestsida, det vil seie i enden mot Borgjabrua. Innkøyringsområdet til stasjonen blir også endra med at den store rundkøyringa blir fjerne og i staden kjem ei trafikkøy og kortidsparkeringar, blant anna for gatekjøkkenet. Nyvinninga kiss-and-ride kjem også til Bø.

Prosjektet er venta å koste rundt seks millonar kroner. Fem entreprenørar er invitert til å gje enbod. Fire av dei er lokale og anbodsopning er 8. oktober. Prosjektet blir finansiert av Bane Nor med god hjelp i eit spleiselag med 500.000 kroner frå Bø kommune, 800.000 kroner frå Fylkeskommunen og 200.000 kroner frå Statens Vegvesen.

At det er behov for meir parkering er klart: Ein sjakk i dag tidleg viste ingen ledige plassar klokka åtte. Og at rundt ti av 40 plassar var teken av bilar på langtidsparkering (rundt 30 bilar hadde nedisa ruter og hadde stått der over natta).

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje