121115-GG-Nysnø-i-Glekse-Foto-Arild-Pedersen

Snøras på Lifjell

Glekse. Nysnø i Glekse. Arkivfoto: Arlid Pedersen

Ingen skada

Politiet melder torsdag kveld på Twitter at to skiløparar skal ha utløyst eit snøras på veg opp på Gleksefjell i den brattaste austhellinga. Dei to skal ikkje ha blitt tekne av raset. Ingen andre vart ramma.

Raset var 20 meter breitt og om lag ein meter djup på det djupaste. Skiløypa mellom Gleksefjell og Skåråfjell skal ikkje ha blitt råka. Politiet oppfordrar folk til å vere forsiktige, det er stor rasfare i fjellet.