191016 kulturpris

Søker kandidatar til kulturprisar

I 2017 gjekk Ungdommens kulturpris i Sauherad til Bork Sæl Ower, eit talent innan wakeboard og wakeskate. Arkivfoto: Gro B. Røiland

Sauherad kommune skal dele ut kulturprisar for aller siste gong. Nå ønskjer kommunen forslag til kven som bør få heider og inspirasjon i form av kulturpris. Frist for å foreslå kandidatar er 25. oktober.

To prisar skal delast ut, Årets kulturpris 2019 og Ungdommens kulturpris 2019.

Sauherad kommunes kulturpris skal gå til ein eller fleire personar som på ein eller annan måte har markert seg innanfor kulturlivet i Sauherad kommune. Prisen er på 10.000 kroner.

Ungdommens kulturpris går til unge inntil 25 år og skal vera ein inspirasjon for vidare utvikling. Prisen kan tildelast kulturutøvarar med utprega talent innanfor sitt felt. Det kan vere innanfor musikk, dans, visuell kunst, scenekunst, litteratur eller idrett og friluftsliv. Prisen skal gå til ungdom busett i Sauherad eller i spesielle tilfelle ungdom som på grunn av studiar bur utanfor kommunen.

Ungdommens kulturpris er på 10.000 kroner.

Sauherads Utvalg for oppvekst og kultur er jury. Prisutdelinga skjer i siste kommunestyremøte før jul.