Sosiale medium

Bø i Telemark
12
6°C
 

Dato

Onsdag 16. oktober 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

– Solid løft for lokalavisene

Grunnfjellet: Avtroppande generalsekretær i LLA, Rune Hetland (midten), meiner lokalavisene er grunnfjellet i det norske medielandskapet. Her saman med kulturminister Trine Skei Grande og LLAs påtroppande generalsekretær Tomas Bruvik.

– 30 millionar kroner skal øyremerkast dei minste lokalavisene. Med det får Landslaget for lokalaviser (LLA) og lokalavisene gjennomslag for eit etterlengta og svært nødvendig løft i produksjonstilskotet.

Det seier generalsekretær i LLA, Rune Hetland i ei pressemelding.

Løftet for lokalavisene kjem fram i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2020 som vart lagt fram måndag. LLA skriv at ein er svært glad for at regjeringa og kulturminister Trine Skei Grande, Venstre, med det følgjer opp i praktisk handling det dei lova i mediestøttemeldinga som vart lagt fram på landsmøtet til LLA tidlegare i år.

Avgjerander for digitaltisering


– Dei ekstra midlane som regjeringa no set av til dei minste lokalavisene er avgjerande for at mange av dei små avisene skal klare å satse på digitale plattformer. Den digitale omstillinga er krevjande både økonomisk og fagleg. Å levere god og viktig lokal journalistikk til innbyggjarane er framleis det viktigaste for lokalavisene. Det vil dei ekstra pengane som no er lagt på bordet bidra til, seier LLAs generalsekretær Rune Hetland.

LLA opplyser at regjeringa foreslår å inflasjonsjustere produksjonstilskotet med ti millionar kroner. Det kjem i tillegg til dei friske midlane på 30 millionar kroner. Dermed blir det samla produksjonstilskotet auka med totalt 40 millionar kroner til 358 millionar kroner.

– 30 millionar kroner av heile potten skal altså øyremerkast aviser som til dømes Sør-Varanger Avis, Inderøyningen, Suldalsposten og Solungavisa, seier Hetland.

Innovasjonsstøtte dobla

Ifølgje pressemeldinga vil regjeringa også doble innovasjonsstøtta med ti millionar kroner. Dette er også pengar som kjem lokalavisene til gode.

Hetland meiner lokalavisene er grunnfjellet i det norske medielandskapet.

­– LLA har i mange år kjempa for at den viktige samfunnsrolla til lokalavisene skal bli meir verdsett. Me er derfor svært godt nøgde med at kulturministeren og regjeringa no prioriterer dei minste avisene. Dette bidrar til at enda fleire lokalaviser kan ta ei heilt nødvendig digital omstilling og slik levere meir og betre innhald til lesarane, seier Hetland.

.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje