160623-Sommarles-biblioteket

Sommarope bibliotek

160623-Sommarles-biblioteket

Sigrid Bjerke (f.v.), Ingvild Elvestad Tørre og Mia Bråthen på Bø bibliotek vil ha barn i Bø med på lesekampanje i sommar. Foto: Gro B. Røiland

Mens biblioteket i Bø tidlegare har tatt sommarferie i seks veker, er det i år ope to dagar i veka gjennom heile sommaren. Sommarope bibliotek er eit prøveprosjekt, og dei tilsette er spente på responsen, ifølge biblioteksjef Ingvild Elvestad Tørre.

Opningsdagane i sommar er onsdag og torsdag. Bø bibliotek er tilbake med vanlege opningstider frå 15. august.

Biblioteket trår også til med lesekampanje for grunnskulebarn. Sommarles heiter kampanjen, som er nettbasert. Målet er at barna kan oppretthalde eller kanskje betre leseevna i løpet av sommarfereien.