Sønstebøtunet Monica, Tove, Jan Helge og Morten 8. oktober 2018 3149

Sønstebø feirar 90 år

Stor jubleumsfeiring. Fire blad Sønstebø trår til med tredagars storfeiring i høve verksemda sitt 90-årsjubileum. Denne veka blir det gode tilbod og mange aktivitetar på huset. Her er f.v. Morten, Jan Helge, Tove og Monica framfor Sønstebøtunet. Foto: Øystein Akselberg

Sønstebøfamilien feirar denne veka at det er 90 år sidan den første Sønstebø-butikken opna i Bøgata. Nå er også fjerde generasjon Sønstebø med i verksemda.

I oktober 1928 opna Marie og Hellek Sønstebø ein 57 kvadratmeter stor sko- og manufakturbutikk i O. G. Haugens hus i Bøgata. Det var starten på eit 90 år langt og stolt familieføretak. I dag er det Jan Helge og Tove Sønstebø som står for drifta, men nå er også begge ungane, Morten og Monica, med på laget. Det har skjedd mykje sidan Marie og Hellek opna butikk i 1928. Første heile driftsår hadde dei 30.000 kroner i omsetting, medan i år reknar dei med å passere 65 millionar kroner på Sønstebøtunet.

Frå torsdag av skal det feirast i tre dagar til ende med gode tilbod, aktivitetar, fest og moro.

I dag er Sønstebøtunet eit handelshus med totalt 15 butikkar og over 100 tilsette og eit areal på rundt 7.500 kvadratmeter. Sønstebø sjølv eig seks av butikkane.