Ole Torjus Hofvind svkvit

Spellemann til Hofvind

Overraska. Ole Torjus Hofvind frå Gvarv vann Spellemann i klassen årets produsent. Pressefoto

Ole Torjus Hofvind frå Gvarv fekk årets Spellemann-pris i klassen Årets produsent laurdag.

Han har produsert plata til vinnar av kategorien Urban og Årets album: Cezinando. Plata var nominert i totalt fem kategoriar.

– Det var ganske utruleg og veldig overraskande, seier den nyslåtte Spellemann-vinnaren.

Cezinando var nominert i fem klassar og vann altså tre av dei. Som produsent kjenner Hofvind seg også delaktig i dei to andre prisane. Cezinandos «Håper du har plass» var i tillegg nominert til Årets låt. Den klassen vann han ikkje, men Hofvind fortel at det var den mest spelte låten på NRK P3 i 2017.