171207-FS-Sauherad-171130-37-b

Spiralnekt til Høgsterett

Mot ei stemme. Det var ei stemme mot og seks for då formannskapet vedtok å anke spiralsaka til Høgsterett.

 

Legen fekk jobben tilbake i lagmannsretten

 

Ankeutvalet til Høgsterett har sagt ja til at Høgsterett skal behandle saka mellom Sauherad kommune og lege Katarzyna Jachimowicz.

Jachimowicz vart sagt opp som fastlege i Sauherad fordi ho nekta å setje inn spiral som ho meiner kan føre til tidleg abort. Ho gjekk til sak mot kommunen for å få jobben tilbake. Først tapte ho i Aust-Telemark tingrett på Notodden, men då saka var oppe i Agder lagmannsrett vann ho og kommunen vart dømd til å gje ho stillinga tilbake.

Det er berre saker som har betyding utover den aktuelle saka som slepp gjennom nålauget til ankeutvalet. Spørsmålet om erstatning blir ikkje teke opp i Høgsterett.

Les meir om saka i papiravisa eller e-avisa torsdag.