Street Art 3627 Anna Bø og Ådne Vestgaården

Spraymåla skulen på Gvarv

Street Art. Aktivitetsleiren «Sommer i Sauherad» pynta denne veka opp den gamle skulebygningen på Gvarv. Her er Ådne Vestgården og Anna Bø i sving med lakkboksen.

Aktivitetstilbodet «Sommer i Sauherad» for elevar frå femte til tiande klasse ved Sauherad barne- og ungdomsskule har lenge vore arrangert av Sauherad kommune. I år er det Frivilligsentralen i Sauherad med ny dagleg leiar Kristin Tangen Tolo som står bak. Denne veka har ein god gjeng elevar vore i sving med ulike aktivitetar kvar dag. Deltakartalet er heile 56 barn og unge.

Det er fem ulike aktivitetar gjennom veka. Måndag var det tur til Bø Sommarland og tysdag, då Bø blad var på besøk, var det Street Art med fargelegging ein av ytterveggane på skulen. Onsdag var det tacodag med filmkveld. I går var det fotballdag med lærar Jon Solberg og i dag er det tur til trampolinepark i Larvik.