191031 Hegna landhandel Lene Braaten og Gro Cathrine Aasgrav

Stengt riksveg 36 har ikkje ført til krise

Butikktilsett Lene Braaten (t.v.) og eigar Gro Cathrine Aasgrav er glade for at folk i nærområdet brukar Hegna landhandel. Foto: Gro B. Røiland

Stengt riksveg 36 har ikkje ført til mindre handel på Hegna landhandel. – Me klatrar oppover, seier butikkeigar Gro Cathrine Aasgrav. 

Måndag 23. september blei riksveg 36 på Manheimstrondi stengt på grunn av vegarbeid og gjennomfartstrafikken omdirigert via Garvikstrondi. Butikkeigar Gro Cathrine Aasgrav var naturleg nok spent på korleis det ville slå ut for Hegna landhandel, som opna dørene i juni 2018. 

Solid auke

Etter ein månad med omkøyring er det langt frå krisestemning i den vesle butikken på Vefall. Aasgrav kan fortelje om god auke i handelen, samanlikna med same tidspunkt i fjor.

– Etter at vegen stengde, har me hatt ein auke på 16,5 prosent, samanlikna med 2018. Det er mykje betre enn forventa, men sjølvsagt mindre enn det låg an til før stenging, seier Aasgrav.

Riksveg 36 mellom Bø og Seljord skal vera stengt i periodar heilt fram til våren 2021. Butikkeigaren er spent på korleis det vil påverke butikken

Brukar nærbutikken

– Det blir veldig spennande framover. Det er moro at handelen har auka, men ein lurer litt på om det er for godt til å vera sant. Me vil rette ein stor takk til kundane som brukar butikken, seier Aasgrav.

Handelen har auka jamt og trutt heilt sidan den døgnopne butikken ved Hegna camping opna dørene. Vekene etter at riksvegen blei stengt har vist at gjennomgangstrafikken ikkje er avgjerande for drift. Grenda Vefall/Brekke og andre i nærmiljøet sluttar opp om nærbutikken.

Lene Braaten, tilsett på Hegna landhandel og busett på Vefall, bekreftar dette.

– Eg bur her og ser at det er mange frå grenda som brukar butikken. Men det er også folk frå Seljord og Bø som handlar her, folk som seier at dei vil støtte oss, seier Braaten.

– Det ser ut som me dekker eit behov i grenda. Eg føler at dei lokale er flinke til å bruke oss, seier Aasgrav.

Stengt veg gjer at folk som bur i Ytre Seljord elles og oppover på Manheimstrondi må køyre ned til Verpe for å kome til Seljord. Det har gjeve Hegna landhandel nye kundar.

– Når alle må forbi her på veg til Seljord, så ser dei oss og kjem innom. Det er ein vanesak kor ein handlar, seier Braaten.