klokka to

Still klokka mot sommaren

TO SKAL BLI TRE: Klokka to natt til sundag skjer det igjen: den første av årets to klokkestillingar. Og som vanleg på våren skal du stille frå klokka to til klokka tre.

Natt til sundag 31. mars skal klokka stillast ein time fram. Det betyr altså at du stiller klokka frå for eksempel to til tre, eller ein time nærare sommaren om du vil. Den eine nattta blir dermed ein time kortare, men til gjengjeld blir kveldane lysare.

Tidsminister Torbjørn Røe Isaksen har beslutta at den lyse sommertida skal gjere oss glad og meir effektiv. I likheit med EU har Norge stilt klokka i lengre tid. Europakommisjonen foreslo i haust at me skal slutte å stille klokka fram og tilbake kvart halvår. Frå 2021 blir det opp til kvar enkelt land å bestemme om ein vil ha vintertid eller sommartid som standardtid. Noreg har stilt klokka fram og tilbake sidan 1980.

 Tidsfakta:

  • Sundag 31. mars 2019 stillast klokka ein time fram frå kl. 02.00 (UTC + 1 time) til 03.00 (UTC + 2 timer).