Sosiale medium

Bø i Telemark
07
1°C
 

Dato

Torsdag 21. november 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Storkonsert for Bjarne Herrefoss

Torgeir Straand (f.v.), Magne Herrefoss og Per Anders Buen Garnås spelar på konserten fredag. Måleriet av Bjarne Herrefoss er ny vandrepremie på Bøkappleiken. Foto: Gro B. Røiland

Eit superlag av gode spelemenn møtast på scenen på Sandvin fredag kveld i samband med Bøkappleiken. Her blir det konsert til ære for meisterspelemannen Bjarne Herrefoss (1931-2002). Fredagskvelden på Sandvin er også lansering av bok og dobbeltalbum med opptak av Herrefoss frå kappleikar og Store Studio i NRK.

På konserten blir det spel av Hallvard T. Bjørgum, Knut Hamre, Alf Tveit, Egil Syversbråten, Magne Herrefoss, Ottar Kåsa, Johannes Sundsvalen, Lars-Ingar Meyer Fjeld, Einar Øverland, Erland Tveiti, Per Anders Buen Garnås, Svein Olav Krontveit, Torgeir Straand og Herbjørn Liahagen.

Kappleiken med konkurranse i spel, dans og kveding er på Sandvin laurdag. Ny vandrepremie, sett opp for beste spel, er eit måleri laga av Knut Buen. Måleriet viser Bjarne Herrefoss ved Gongestoga på Seljordsheia.


Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje