Sosiale medium

Bø i Telemark
13
11°C
 

Dato

Onsdag 22. august 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Storslagent spel på Evju bygdetun

Drama på Klevar gard. Her er huldrene og ein av brødrene på Klevar gard, Kittil (Ole Martin Hagtvedt Holte), i ei scene mot slutten av spelet. Kittil blei bergteken og seinare blir han tvinga til å jakte på huldresølvet. Foto: Øystein Akselberg

Spelet «Huldresølvet» er tilbake på Evju bygdetun i år. Dei blei sist synt i 2014. Denne gongen er spelet enda meir energisk og fargesprakande. Premiere gjekk av stabelen torsdag kveld og i dag har publikum to sjansar til å få med seg det fargerike og flotte spelet. Over 60 skodespelarar og dansarar er med i det to timar lange spelet.

Her blir det mykje song, dans, dramatikk og fargerike kostymar i dei fine omgjevnadane som Evju bygdetun har. Handlinga byggjer på eit lokalt segn frå garden Klevar i Sauherad. Sølvet på garden skal ha vore laga av huldresølv som det kviler ei forbanning over. Det blir eit skikkeleg sjalusidrama på garden og huldrefolket spelar sjølvsagt ei viktig rolle. I tillegg til alle huldrene møter ein gardsfolket på Klevar, skattefuten og hans hjelparar frå lensmannen, eit lokalt folkekor, lokale dansarar og ein gutegjeng frå Syria.

Spelet er eit samarbeid mellom Evju bygdetun og Seljord folkehøgskule.

NB: spelet blir vist to gonger i dag, noko som er siste sjanse denne gongen.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje