HAR AVLYST ARRANGEMENT I FADDERVEKA. Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge og Universitetet i Søraust-Noreg har avlyst fleire arrangement grunna smittespreiinga av Korona. Også oppstarten av studieåret har vore annleis enn vanleg. Her frå studiestart for to år sidan.
Universitetet i Søraust-Noreg, campus Bø. FOTO: Bø blad

Studentar melder flytting til Bø

Kampanjen for å få studentar til å bli innbyggjarar i Bø kommune ser ut til virke. Arkivfoto

– Me har akkurat passert 200 registrerte studentar som vil flytte til Bø i kampanjeåret 2018. Det melder Marita Kristina Valkeinen i Bø kommune.

Ho opplyser at det framleis er mogleg å registrere seg.

I år som i fjor får studentar som melder flytting til Bø ein sykkel. Kampanjen vart vedteken i kommunestyret etter forslag frå Ingebjørg Nordbø (MDG).

Flyttekampanjen ser ut til å virke. I fjor melde 152 studentar innflytting til Bø kommune, og så langt i år er altså talet 200. Fleire innbyggjarar gir fleire pengar i kommunekassa.