Sosiale medium

Bø i Telemark
01
-2°C
 

Dato

Sundag 24. mars 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Studiestreik for klima i Bø

Studiestreik for klima på kommunehustrappa i Bø klokka elleve. Fleire kom til etterkvart.

Studiestreik for klima har spreidd seg til Bø. I dag klokka 11 troppa fleire studentar og nokre fastbuende opp på trappa ved kommunehuset i Bø i regi av den nystarta foreininga Bø Grønne Studenter. Målet er å påverke maktpersoner til å gjera ein innsats for klima og miljø.

Den svenske tenåringen og miljøaktivisten Greta Thunberg starta studiestreik for klima i Sverige, og aksjonen har sidan spreidd seg til mange land i verda.

Bø Grønne Studentar er ein studentorganisasjon knytt til Miljøpartiet De Grønne. Avdelinga i Bø er heilt ny og blei starta 15. februar i år.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje