130228-KS-20130225-63-

Styreleiar trekte seg

Private årsaker. Eivind Eckbo opplyser at det var private årsaker til at han trekte seg som styreleiar i Irmat. Arkivfoto

Irmatstyret innrømde dyr leigeavtale

– Styret i Irmat innrømmer at leigeavtala for tomt til gjenvinningsstasjon på Brenna er dyr. På generalforsamlinga onsdag forklarte styret kvifor den vart inngått. Eivind Eckbo trekte seg også som styreleiar.

Det seier Mette Haugholt, ordførar i Sauherad, til Bø blad etter eigarmøtet og generalforsamling i Irmat på Notodden onsdag denne veka.

Haugholt hadde fullmakt frå kommunestyret til å kaste styret i Irmat dersom ho ikkje tykte forklaring frå styret på den dyre leigekontrakten Irmat har inngått på Brenna var god nok. Det vart ikkje aktuelt. Ho tykkjer styret gav ei grei forklaring og innrømde at leigeavtala for tomta på Brenna var for dyr. Dessutan trekte styreleiar Eivind Eckbo seg. Eigarkommunane kom også med ein protokolltilførsel i generalforsamlinga.

Svært høg leige

Bakgrunnen for saka er at renovasjonsselskapet Irmat har inngått ei leigeavtale med Brenna Stasjon as for å leige området bak Anicura Dyreklinikken Telemark på Brenna. Tomta på Brenna skal Irmat bruke til ein ny gjenvinningsstasjon for Bø og Sauherad.

Leigeavtala er totalt på 910.000 kroner, 740.000 kroner gjeld sjølve tomta. Det blir ein kvadratmeterpris på 110.000 kroner per dekar per år. Ifølgje avisa Varden leiger Ingebret Storkaas ut nabotomta for 6.700 kroner per kvadratmeter. På det kommunale industriområdet «vegg i vegg» kan ei litt større tomt kjøpast for knapt 3,5 millionar kroner, ifølgje nettsida til Midt-Telemark Næringspark.

«Heit bodrunde»

– Styret forklarte at det vart ein bodrunde. Som alle som har kjøpt hus veit, så kan den bli travel og det vart pressa fram ei dyr avtale, seier Mette Haugholt.

Styret opplyste vidare at tidlegare ordførar i Sauherad og styret i den kommunale næringsparken hadde gjeve signal om at dei ikkje ønskte ein gjenvinningsstasjon på det nye næringsområdet.

– Derfor tok dei ikkje kontakt med eigarane. Det burde dei ha gjort. Denne saka burde ha vore handtert annleis, seier Haugholt etter møtet.

Ho tykkjer ikkje dette er bra, det er dyrt og det er ingen retrett. Ifølgje avtala går den frå 1.7 2017 til 30.6. 2040 og i den perioden kan den ikkje seiast opp. Frå anna hald blir det peika på at avtala vart inngått i januar 2017, eit og eit halvt år før arealplanen for området vart endeleg godkjend.

Krev betre informasjon

I protokolltilførselen krev eigarkommunane at styret lagar ein informasjonsstrategi slik at kommunikasjonen blir betre i framtida. Eigarane bed også styret om å utarbeide informasjon om gjenvinningsstasjonen og administrasjonsbygget til innbyggjarane i kommunane.

– Det er innbyggjarane som må betale via renovasjonsavgifta, stadfester Haugholt.

Styret har også planlagt å byggje eit administrasjonsbygg på Goasholtmyra på Notodden. Ifølgje Telen er arbeidsoppdraget estimert til å ha ein verdi på 15 millionar kroner.

Styreleiar trekte seg

Eivind Eckbo frå Bø trekte seg som styreleiar. Han opplyser til Bø blad at han bestemte seg for det måndag.

– Eg har vore styreleiar i ti år, det er lenge. Bråket rundt leigeavtala har ikkje noko med det å gjere, det var private årsaker, seier Eckbo.

Han opplyser at han har vore usikker på om han skulle ta gjenval dei to siste åra. Det har han sagt til valnemnda, Eckbo har også sagt til nemnda at dersom den ikkje finn nokon andre får den ringe igjen.

– Heile styret er einige i at leigeavtala er dyr. Eg ønskjer ikkje å informere meir om det når eg ikkje lenger er styreleiar. Eg uttaler meg ikkje lenger på vegner av selskapet, sa Eckbo onsdag kveld.