KJØPESENTER: Bøsenteret er ein av dei tre aktuelle tilbydarane av lokale.
KJØPESENTER: Bøsenteret er ein av dei tre aktuelle tilbydarane av lokale. FOTO: Arkivfoto

Subway til Bøsenteret

Verdskjede til Bø. Bøsenteret har landa sandwich-giganten Subway for nyetablering.

Senterleiar Tove Lundeberg Bringa ved Bøsenteret slepper katta ut av sekken og røper ein stor nyheit innan næringslivet i Bø. Verdas største Quick Serve Restaurant-kjede, Subway, har kasta augo på Bø og ønskjer å etablere seg på Bøsenteret.

– Dette er ei super-etablering for både senteret og Bø. Eg trur at suksessen med vår nye butikk «Normal» har opna dørene og gjort at Subway ser på Bø som ein god plass å vere, seier Lundeberg Bringa.

Subway og Bøsenteret ser no etter ein lokal drivar/franchisetakar. Det er allereie ein lokal interessent, men bodskapen går no ut til interesserte næringsdrivande. Dette betyr at kjeda vil samarbeide med ein lokal kjøpmann- eller kvinne som investerer i konseptet, driv sitt eige selskap og tilset eige personale.

Subway blir omtalt som den største kjeda innan denne bransjen. Den har over 40.000 restaurantar på verdsbasis, og har 56 butikkar i Noreg. No ser altså kjeda på Bø som ein spennande stad for etablering.

– Subway ønskjer seg lokalet som MIX-kiosken held til i. Det er utruleg gøy at ei så stor kjede har sett seg ut Bø for nyetablering. Dette er ein unik moglegheit for lokalsamfunnet, seier Lundeberg Bringa.

Subway sitt konsept er nybakte brød og stor valfridom innan sandwich med ferske grønnsaker, sausar og dressingar, samt eit godt utval av kjøttprodukt av norsk kvalitet. Til dessert tilbyr kjeda ein kopp kaffi og ein cookie eller to, som også er bakt i restauranten kvar dag.