Norway Cup 2018 Skarphedin J14 1086

Superjenter i Norway Cup

Skarphedin J14. Glade fotballjenter etter to sigrar i årets Norway Cup. Foto: Ingrid Li.

Skarphedin fotball sitt jentelag J14 har fått ein pangstart i årets Norway Cup. I går slo dei Nittedal 2-1 og i føremiddag kom meldinga om at Heming blei slått 3-1. I morgon møter bøjentene Rosendal i ein rein puljefinale. Torsdag ventar så første kamp i A-sluttspelet. Jentelaget er einaste lag frå Bø under årets Norway Cup.

Skarphedin er ein av 494 klubber frå Noreg som har lag i årets Norway Cup. I klassen jenter 14 år deltek forutan Skarphedin heile 72 andre lag frå tre ulike land. Laga spelar i 18 ulike grupper.