190131-Minnestund-Maren-og-Louisa-20

Sveitsar dømd etter Marokko-drap

Maren Ueland og Louisa Vesterager Jespersen vart funne drepne i Marokko. Dei studerte i Bø og det vart halde minnestund for dei der.


Ein 33 år gammal sveitsisk-britisk mann er dømd til ti års fengsel i Marokko. Dommen har samanheng med drapa på to bø-studentar som vart drepne i Marokko før jul.

Det skriv NRK på nett.

Mannen er funnen skuldig i å ha delteke i ein terrororganisasjon. Han skal ikkje ha hatt noko med sjølve drapa å gjere. NRK skriv at mannen på 33 år er funnen skuldig i tre forhold. Han har delteke i ein terrororganisasjon, han skal ha forsvart terror og for at han ikkje har meld frå om ei kriminell handling. NRK skriv at både advokaten til 33-åringen og familien har stadfesta dommen overfor den sveitsiske kringkastaren RTS.

Ifølgje NRK vart mannen arrestert i januar. Maren Ueland og Louisa Vesterager Jespersen vart funne drepne måndag 17. desember i fjor i Atlasfjella i Marokko. Dei to studerte friluftsliv ved Universitetet i Søraust-Noreg, Bø, og var på ferietur då dei vart drepne.

Ein annan sveitsar (25 år) skal også vere arrestert i saka. Han skal ha gitt våpenopplæring til terrorcella som politiet meiner stod bak drapa.

33-åringen seier han ikkje kjenner islamistane som stod bak drapa. Han seier at han jobba for den sveitsiske sikkerheitstenesta SRC. Det seier SRC at ikkje stemmer.