Sosiale medium

Bø i Telemark
01
-2°C
 

Dato

Sundag 24. mars 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Telemarkfestivalen jubilerer

Festivalsjef Kristoffer Mosfjeld med eit historisk flagg, laga av 16 festivalskjorter. Foto: Gro B. Røiland

Når Telemarkfestivalen dreg i gang torsdag 8. august 2019, er det for 30. gong på rad. Jubileet skal sjølvsagt markerast, lovar festivalsjef Kristoffer Mosfjeld.

Mykje av årets program er på plass. Her finn ein nye musikalske innslag og velkjende festivaltråvarar, norsk tradisjonsmusikk, finsk, svensk og amerikansk folkemusikk, gjerne i samspel med andre sjangrar.

Blant musikarane som er booka til jubileumsfestivalen er Anders Røine, Øyonn Groven Myhren, Bugge Wesseltoft, Anne Hytta, Johanne Flottorp, Ingebjørg Longvik Reinholdt og Amund Maarud.

På bandsida kjem mellom andre Väsen, finske Suistamon Sähkö, Charlie Rackstead & The Sticklesbergen Ramblers og Lucky Lips.

Fleire namn blir sloppe etter kvart, opplyser Mosfjeld.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på nett.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje