Tømmerterminal Bø stasjon 3. mai 2019 0891

Tilrår tømmerterminal ved Nordagutu

Kan bli nedlagt. Ein konsulentrapport bestilt av Bane NOR tilrår ny stor tømmerterminal ved Nordagutu. det betyr nedlegging av terminalane i Bø og Lunde. Foto: Øystein Akselberg

Ei utgreiing om plassering av ny tømmerterminal i Midt-Telemark peikar på Nordagutu som beste alternativ. Det betyr nedlegging av terminalane i Bø og Lunde.

Bane NOR si utgreiing om lokalisering av ny tømmerterminal i Midt-Telemark som erstatning for dagens terminalar på stasjonane i Bø og Lunde er klar. Utgreiinga har vore hemmelegstempla og blei i går lagt fram i eit møte hjå Fylkeskommunen. Det har stått mellom to lokalitetar langs Sørlandsbanen pluss ein i Gransherad ved Tinnosbanen. Rapporten slår fast at terminalane i Bø og Lunde med nødvendig vedlikehald kan liggje der dei ligg i dag i overskodeleg framtid, men at ulempene for lokalmiljøet veg tungt og vil vere avgjerande for ei avvikling. Konsulenten konkluderer med at det er gode argument for å flytte dagens terminalar ut av sentrumsområda og byggje ein ny, effektiv og større terminal. Konsulenten tilrår alternativet Sunde som ligg rett nord for Nordagutu stasjon, parallelt med Sørlandsbanen. Konsulenten viser til sikker tilgang til tomt og strategisk plassering. Det blir også peika på at lokaliteten har to variantar, ei på kvar side av Sørlandsbanen. Saka skal nå i første omgang handsamast av Bane NOR og fylkeskommunen.