181101-Røilands-Kolonial-12-b

To bøheringar nominert til Folkelarmpris

Smakebitar: Gruppa Sudan Dudan spelte nyleg i Røilands Kolonial. Musikken stamma blant anna frå den Folkelarmnominerte plata «Heimen der ute».

Anders Røine og Mattis Kleppen kan få prisar

Duoen Sudan Dudan med bøheringen Anders Røine er nominert til Folkelarmprisen i klassa tradisjonelt samspel. Mattis Kleppen er nominert i open klasse for cd-en «Bassgitar».

Sudan Dudan er nominert for plata «Heimen der ute». Plata er spela inn i Jønnbu fjellkyrkje. Etter utgjevinga sa Røine at denne plata ikkje vart spelt inn på tradisjonell studio-måte.

– Plata er spela inn meir live og er ikkje «klipp og lim», sa Røine.

På plata «Bassgitar» møter me Mattis Kleppen og bassgitaren. Blant låtane finn me blant andre «Øvre Bø» inspirert av landskapet i Mississippi.

– Plata må vere ei av svært få som det bare er solo bassgitar på, står det i nominasjonsomtala.

Folkelarmprisen blir delt ut under Meisterkonserten u Den norske opera søndag 11. november.