Sosiale medium

Bø i Telemark
38
15°C
 

Dato

Sundag 21. juli 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

To førsteplassar til Bø

Ingebjørg B. Bø og Ola Narverud vann dans hardingfele A.
Foto: Runhild Heggem

Det vart to sigrar til Bø i landskappleiken i dag, og ein til Lunde.

Ottar Kåsa og Mattis Kleppen har vunne open klasse på Landskappleiken i Vågå i dag. Dei to spelar på hardingfele og bass sama. Ottar Kåsa er innflyttar i Bø og Mattis Kleppen er utflytt bøhering. Kleppen og Kåsa hare spelt saman ved fleire høve, blant anna på bestillingsverket til Telemarkfestivalen som Kleppe laga.

I dans hardingfele klasse A vann Ingebjørg B. Bø, Bø Dansarring, og Ola Narverud, Småjondølenes dansarlag. Det er ikkje første gongen,  dei har også ein kongepokal.

I dans hardingfele klasse D har lundeheringar teke førsteplassen, nemleg Kristian Hanto og Borghild Hardang-Hanto. Dei dansar i Nes Nasjonale Dansarring.

Spelemannslaget Bøheringen kom på tolvte plass i lagspel

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje