190110-USN-Minne-to-studentar-26-

To minutt stillheit for Maren og Louisa

Flagga på halv stang. Det vart flagga på halvstang og tent lys for dei to drepne studentane. Etterpå vart mange av studentane ståande og prate og halde rundt kvarandre.


Universitetet i Søraust-Noreg i Bø starta den nye studieåret med to minutt stillheitfor å minnast Maren Ueland og Louisa Vesterager Jespersen.

Dei to studentane vart drepne på tur i Marokko før jul. Dei to, som gjekk andre året friluftsliv, var på ein privat ferietur.

De to kvinnene blei funne drepne i ein landsby i Atlasfjella i Marokko. Instituttleiar Annette Bischoff opplyser at totalt 18 personar er arrestert i saka, nokre av dei er alt dømde for spreiing av videoen som viser drapa på dei to.